lørdag 30. januar 2010

Hagedraum

Har begynt å leike med tanken på ein fin hage.
Det som er der no er ikkje stort å skryte av. Veldig mykje arbeid har vi her, også av nedbryting før vi kan starte oppbygginga...Skal sage ned mesteparten av eit halv mål skog (eller ok, kanskje litt mindre).

I dag var eg å henta ei bok eg har bestilt.
Overskrifta seier seg vel sjølv, og eg gler meg til å starte! Kanskje litt i dei små no til våren?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar