Viser innlegg med etiketten Reise. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Reise. Vis alle innlegg

torsdag 23. juli 2009

Dubrovnik

Vi tok ein dagstur frå Montenegro til Dubrovnik.
Stoppa på ein utkikksplass ca 5 minutt før så vi fekk sjå heile gamlebyen.


Trange gater i gamlebyen


Tatt frå bymurane


Raude tak så langt ein ser




:)


Frå øverste tårnet


Det tok oss sikkert over ein time å komme oss rundt heile bymuren.
Høgt ned mange plassar..

Litt av byen utanfor gamledelen


Fin by!

mandag 20. juli 2009

Montenegro

Vi var 11 dagar i Montenegro, eit lite land ved havet, sør for Kroatia.
Vår landsby heitte Djenovici, der leigde vi ei leilighet.

Druer, desse er modne om ca ein mnd.


Mange små steinstrender. Her er ei omkledningsboks...
Gjekk ikkje an å kike inn imellom sprekker i det heile tatt ;)


Oppe i ei festning i Herceg Novi, ca 10 minutt med bil/buss frå Djenovici. Hannah elskar sånne borger, føler seg som ei ekte prinsesse :)



Utsikt over Herceg Novi


Ostrog Manastir, eit kloster bygd inn i fjellet, ca 3 timar med buss frå Djenovici.
Longt å reise med ongar, men verdt å sjå. Fekk sett ein del av den flotte naturen også. Mykje likt Norge.
Det var ekstra med folk denne dagen fordi det var St.Peters dag. Sikkert den mest besøkte dagen i året. Vi slapp forbi alle køene fordi vi hadde barn med.

Klosteret med ukjent mann og barn framfor...


For å komme dit måtte vi høgt, høgt, høgt... Eg klamra meg fast til seta i bussen, kvalm og uggen av høgdene. Vegane var ikkje breiare enn at to kjøretøy så vidt kunne passere. Enklete stadar var det berre ein som kunne køyre. Då vi var trygt nede igjen spurde eg kor monge dødsulykker det hadde vore der, og svaret var overraskande ingen :)


Elisabeth med fersk fiken


Den siste kvelden vi var der var det nasjonaldag.
Då skjedde det litt ute om kvelden.

lørdag 13. juni 2009

Reiseforberedelsa

I går bestilte vi 3 nye pass. Såg plutselig at jentene sine var utgått, og lillebror måtte få sitt fyrste.
Kvar vi skal veit vi ikkje, tek det ganske på sparket om det blir, evt andre veka i juli. Sjå om vi finn ein restplass :)

Tok bileta sjølv og printa ut på fotopapir. Fyrste gong dei har fått beskjed om å ikkje smile ;)
"Ikkje smil! Sjå hit! Lukk munnen! Nei, sjå hit!"

Storejentene:



Baby klarte eg ikkje lukke munnen på, men bedre sånn en med tunga ut iallefall.


So får vi håpe det blir eint tur eller tre i løpet av permisjonen ;)