mandag 20. juli 2009

Montenegro

Vi var 11 dagar i Montenegro, eit lite land ved havet, sør for Kroatia.
Vår landsby heitte Djenovici, der leigde vi ei leilighet.

Druer, desse er modne om ca ein mnd.


Mange små steinstrender. Her er ei omkledningsboks...
Gjekk ikkje an å kike inn imellom sprekker i det heile tatt ;)


Oppe i ei festning i Herceg Novi, ca 10 minutt med bil/buss frå Djenovici. Hannah elskar sånne borger, føler seg som ei ekte prinsesse :)



Utsikt over Herceg Novi


Ostrog Manastir, eit kloster bygd inn i fjellet, ca 3 timar med buss frå Djenovici.
Longt å reise med ongar, men verdt å sjå. Fekk sett ein del av den flotte naturen også. Mykje likt Norge.
Det var ekstra med folk denne dagen fordi det var St.Peters dag. Sikkert den mest besøkte dagen i året. Vi slapp forbi alle køene fordi vi hadde barn med.

Klosteret med ukjent mann og barn framfor...


For å komme dit måtte vi høgt, høgt, høgt... Eg klamra meg fast til seta i bussen, kvalm og uggen av høgdene. Vegane var ikkje breiare enn at to kjøretøy så vidt kunne passere. Enklete stadar var det berre ein som kunne køyre. Då vi var trygt nede igjen spurde eg kor monge dødsulykker det hadde vore der, og svaret var overraskande ingen :)


Elisabeth med fersk fiken


Den siste kvelden vi var der var det nasjonaldag.
Då skjedde det litt ute om kvelden.

1 kommentar:

  1. Så fine bilder, ser ut som dere har hatt en koselig tur! Og her pøser det ned, håper det kommer litt sol snart :) Ha en fin kveld!

    SvarSlett