Viser innlegg med etiketten Duppedingsar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Duppedingsar. Vis alle innlegg

mandag 18. oktober 2010

Maskemarkør - ganske genialt!

Maskemarkørar eg har kjøpt av Ruth i Insomnia design. Dei passar iallefall opp til størrelse 7 i strikkepinnar. Veldig greie i strikk som har mange merker, det er ikkje plutseleg trådar som manglar ;)


Maskemarkør i bruk:

søndag 4. juli 2010

Sommarmix...

Ferien har starta!
Det har vore nokre fine dagar siste veka.
Dessverre har vi hatt sjukdom i heimen, og ikkje fått nytt så mykje av finedagane.
Eg har dog fått mala ca 2 meter av rekkverket, fyrste strøk...


Blomsterkasse kjøpt på Bella Blå, Maison de la Belle Jaridinère, med to Lavendelar oppi.
(Og eit haustblad på bakken??)


På fredag kom hengekøyestativet i limtre, som eg bestilte på mandag!
Ein kamerat henta det til meg, og eg fekk skrudd det saman medan tanta til barna passa dei.
Det er ikkje så trygt på altanen enda, og vi ventar på gravar som kan fullføre arbeidet.
Men altanen er stor, og dei har god boltreplass om vi berre passar på at dei ikkje går utfor stupet ;)
Jentene storkosar seg i hengekøya. Denne er kjøpt i Bolivia.
I bakgrunnen ser vi ei sårt utsiftbar bordkledning.
Forhåpentlegvis dei einaste og siste bileta som vart teken av denne :D



Flink gut å hjelpe mamma med å koste blad frå altanen!

søndag 24. mai 2009

Ammesmykke

Har bestilt meg ammesmykke.
Dei er til for å ha noko å fengje babyen med når han seinare blir opptatt med alt anna enn det han skal ;)
Og so blir vesle handa opptatt med å halde i smykket framfor å klore mamma!

Vingla veldig før eg klarte bestemme meg, men falt til slutt på dette. For bursdagspengar frå svigerinna mi.