Viser innlegg med etiketten hus. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hus. Vis alle innlegg

lørdag 9. mars 2013

"Nye" spisestuestolar

Jada, Josefine gjer også ting ho ikkje kan...
Men så alt for store ferdigheiter trengs vel heller ikkje for å trekke om stolar.
Veldig lei av dei stygge, flekkete grå, som etter mange barneselskap og anna festleg lag har fått merke det...

No blir det, etter inspirasjon frå venninner, trekt om i mjuk voksduk, som eg forventar skal halde seg fine i monge år :)






















 Fram med skrumaskina!


















Dei fyrste to stolane vart vel dei minst vellykka.
Denne vart for grå på biletet, då dei eigentleg er bort i det brune. (Bombe..)
























Litt sånn, kanskje? Men ikkje heilt det heller :)
Meir ein mellomting mellom dei to.


















Kunne ha vore litt meir fornøgd med utføringa av arbeidet, det var vanskelegare å få det fint enn eg hadde trudd, pga det litt stivare stoffet.  Men ok, eg skal vere fornøgd med at eg i det heile tatt gjorde det :) Og det på kvinnedagen, hehe!


mandag 23. august 2010

Nytt gjestebad

Så er vi nesten i mål med prosjekt gjestebad!
Ventar på eit speil og ei skapdør, og så elektrikar.
Vi brukte dei to ferievekene vi hadde ilag til å flislegge veggar og golv. Veret ute var ikkje i samsvar med utvendig arbeid, men ikkje noko er så gale at det ikkje er godt for noko!

Golvet og mosaikken er brune, skapdørene svart høyglans. Vart veldig i tvil då vi fekk opp benkeskapet, men det vart dempa igjen av kvit benkeplate og toalett. Vi er fornøgde!

Badet er lite, men stort nok til gjestebad og dagsbruk.
Lite plass til unødig rot med andre ord!





søndag 4. juli 2010

Sommarmix...

Ferien har starta!
Det har vore nokre fine dagar siste veka.
Dessverre har vi hatt sjukdom i heimen, og ikkje fått nytt så mykje av finedagane.
Eg har dog fått mala ca 2 meter av rekkverket, fyrste strøk...


Blomsterkasse kjøpt på Bella Blå, Maison de la Belle Jaridinère, med to Lavendelar oppi.
(Og eit haustblad på bakken??)


På fredag kom hengekøyestativet i limtre, som eg bestilte på mandag!
Ein kamerat henta det til meg, og eg fekk skrudd det saman medan tanta til barna passa dei.
Det er ikkje så trygt på altanen enda, og vi ventar på gravar som kan fullføre arbeidet.
Men altanen er stor, og dei har god boltreplass om vi berre passar på at dei ikkje går utfor stupet ;)
Jentene storkosar seg i hengekøya. Denne er kjøpt i Bolivia.
I bakgrunnen ser vi ei sårt utsiftbar bordkledning.
Forhåpentlegvis dei einaste og siste bileta som vart teken av denne :D



Flink gut å hjelpe mamma med å koste blad frå altanen!