Det har vore nokre fine dagar siste veka.
Dessverre har vi hatt sjukdom i heimen, og ikkje fått nytt så mykje av finedagane.
Eg har dog fått mala ca 2 meter av rekkverket, fyrste strøk...
Blomsterkasse kjøpt på Bella Blå, Maison de la Belle Jaridinère, med to Lavendelar oppi.
(Og eit haustblad på bakken??)
På fredag kom hengekøyestativet i limtre, som eg bestilte på mandag!
Ein kamerat henta det til meg, og eg fekk skrudd det saman medan tanta til barna passa dei.
Det er ikkje så trygt på altanen enda, og vi ventar på gravar som kan fullføre arbeidet.
Men altanen er stor, og dei har god boltreplass om vi berre passar på at dei ikkje går utfor stupet ;)
Jentene storkosar seg i hengekøya. Denne er kjøpt i Bolivia.
I bakgrunnen ser vi ei sårt utsiftbar bordkledning.
Forhåpentlegvis dei einaste og siste bileta som vart teken av denne :D
Flink gut å hjelpe mamma med å koste blad frå altanen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar