torsdag 28. januar 2010

Award til meg!

Eg har fått ein award!



Denne fekk eg av June, som du kan finne på http://junebloggen.blogspot.com/
Ho er ei veldig kreativ dame, og har også ein blogg http://hugleikdesign.blogspot.com/ der ho syr for salg.
Ho har ein herleg 2-åring, og skal snart til pers med baby igjen!! Gler meg!

Med awarden fylgjer ei utfordring. Nemleg å skrive 7 ting om meg sjølv.

1. Har alltid eit arbeid eller 4 på strikkepinnane. Må nemleg ha eit der eg må konsentrere meg, eit lett i veska til å strikke på i bilen, venterom og så er det monge oppskrifter som er så fine at eg berre vil starte på dei.

2. Tirsdagskveldar er heilage.

3. Eg er utdanna interiørkonsulent, og har vel aldri brukt det ;) Gler meg villt til eg er ferdig barsel- og barnepleiar!!

4. Skal tilbake i lærlingstillinga mi onsdag...

5. Eg er ganske sosial, likar godt å ha middagsbesøk, kveldsgjestar, kafèturar osv osv. Men så treng eg tid HEILT for meg sjølv også, berre med ei god bok i badekaret eller eit handarbeid i sofaen. Har problem med å invitere til selskap, eine gongen hadde vi invitert 50 stk eller der..

6. Då eg var 5 år gjekk eg fram på scena på ein basar på bedehuset og underholdt forsamlinga med song :)

7. Eg elskar å reise og oppleve nye ting! Men det var kanskje inga hemmelegheit!

Denne awarden sender eg vidare til:

Etkjærthjem - bloggar om husbygging, interiør og familieliv

og

Husmoranka - bloggar om familie, forbereding til bryllup og kvardagslege gleder :)

1 kommentar:

  1. Tusen takk for koselig award :) Så fin strikkelue du har laget! Jeg er så imponert over hvor mange ting du klarer å lage på den tiden jeg lager en ting ;)Nå er jeg igang med å hekle en puff til peter, gøy! Ha en fin kveld!

    SvarSlett