fredag 8. mars 2013

Jentekåpe og Kyser

Joda, det skjer fortsatt ting her heime! Er berre ikkje flink til å legge det ut dersom eg har laga lignande frå før. Men iallefall...

Ei babykåpe med tilhøyrande kyse i størrelse 6-9 mnd.
Strikka i Merino Extra fine, til ei jente som skal fødast om nokre månadar. 










Litt detaljar. Knappane manglar fortsatt. Har faktisk vore 2 gongar til trådbutikken for å kjøpe knappar, begge gongane vart fargen heilt feil, det trass i at eg hadde med trådrestar andre gongen! Må visst ha med jakka...























 Ei babykyse i størrelse nyfødt. Grei måte å bli kvitt litt restetråd på!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar