lørdag 21. juli 2012

Litt nytt :)

Får spørsmål av og til om ikkje det snart kjem noko nytt på bloggen.
Det er vel ikkje det at eg ikkje har strikka, så her kjem litt av dei siste månadars arbeid.







Ein petrol Milovest med  uglemønster, og 2 dropsvestar med perlestrikk. Held på å strikke halskanten på den største.

 Ei pixielue som skal passe til ca 3-6 mnd. Håpte den skulle passe til hausten til en liten knøtt :)
Elisabeth hadde så lyst på denne kjolen til dokka si. Hekla.

Ein vest til meg sjølv. Veit ikkje heilt kor den vart, trur det må dampast og slankast litt ;)


Forøvrig har eg tatt siste eksamen, og kan no kalle meg barnepleiar! Det er så utruleg herleg å vere ferdig! Kjenner meg 20 kg lettare, og det er så godt å sleppe å ha det hengande over meg meir no! Jammen kom eg i mål på den tida eg ville også :)

Sommarvêret kunne vel ha vore betre, men ein får iallefall gjort mykje inne! (Og uansett får ein gjort så fint lite med det vêret...)
Snart blir eg tante igjen, til nr. 7 i rekka. Det kan vel i teorien skje når som helst no! Var på loftet og fekk rydda ned masse babykle eg ikkje visste eg hadde! Har fått vaska alt, og det er berre så rart å ha badet fullt i desse små plagga igjen! Dessverre bor dei så alt for langt borte, men vi får prøve å bli flinkare å ta småturar.

Ellers har eg fleire prosjekt på pinnar og krokar. Det kryr av gravide rundt meg, og det er så kjekt å få gitt ei lita heimelaga oppmerksomheit :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar