søndag 12. september 2010

Elisabeth 4 år!

"Mamma! He ej blitt enda større no?"

Elisabeth 4 år, og Hello Kitty-kake bestilt. Det ligna kaaanskje litt? :)
(Gulrotkake)



Bursdagsfeiringa starta i barnehagen på fredag. Der fekk ho velge eventyr, songar, hjelpe til å skjære opp frukt osv. Krona varde dessverre ikkje så lenge, for minsten fekk tak i den...

Laurdag var det barneselskap med 10 ungar og 8 foreldre. På menyen stod sveler og kaker. Timane gjekk eigentleg temmeleg fort!

Her åpnar ho gåver frå oss. 2 ullstilongsar og ei klokke.




4 år!


Fekk seg gartnarutstyr. Gler seg veldig til å luke blomsterbed ilag med mora ;)


Og veslebror dansar på bordet når festen er slutt...


Seinare i dag (søndag) kjem familien på kyllinggryte og kake. Nok ein gang fullt hus! Herleg :)
Einaste minuset er pappaen som er offshore, og enkelte andre som ikkje kan kome.

To be continued...

-----------------------------

Og så var kvelden her, og mor har kollapsa i sofaen...
Utslitt! Merka det ikkje før folk begynte å gå. Vi var 20 stk under taket her i dag.
Det var AKKURAT nok middag, ingen rest, men folk sa dei var mette ;) Måtte jo ha plass til kake!

Bursdagsbarnet er godt nøgd. Fått seg cd-spelar, cd'ar, servise, kle, Polly Pockets, dvd, bilete, og eg veit ikkje kva...
No ligg dei oppe og prøvar ikkje på å sove.

For meg er det beina høgt i sofaen og laptopen på fanget.
Ei venninne kjem og skal ete litt kakerestar no i kvart augneblink.

2 kommentarer:

  1. ÅÅÅ, så koselig! Flotte unger, og "Hello Kitty"-kaka var ikke til å ta feil av! Kos dere i dag, også! (Synd for disse pappaene som er vekk på de mest ugunstige tidspunkt...)

    LINE

    SvarSlett
  2. Så ut som bursdagsbarnet kosa seg!
    Flott Kitty-kake, den var sikkert poppis ;)

    SvarSlett