lørdag 7. november 2009

På legevakta..

Dinne gongen vart det med ei kløvd øyre, på tre plassar.
Hannah igjen.
Ho og Elisabeth laga hytte under sofabordet, og på veg under har ho mest truleg slått seg inn i kanten på bordet. To kløfter på øyreflippen, og ei kløft bak øyret, der øyret møter hovud. Ca 1,5 cm åpning.

Mor stod i dusjen. Ringte legevakta i 10-tida. Fekk beskjed om at Myrvåg åpna klokka 11, og at vi skulle halde øyra kald. Knuste ein saftis, la i pose og inni ein tynn vaskeklut.
Ringte Myrvåg klokka 11, dei var lettare sjokka over at vi hadde fått beskjed om å vente. Elisabeth fekk besøke bestemor og bestefar, og vi 4 andre reiste til legevakta. Litt venting der også.

Dei konfererte med sjukehuset, og fann ut dei ikkje skulle sy sida øyra er lite i bevegelse. Fekk stripsa godt bak, og plastra framover. Ja, dokke kan sjå sjølve :)
Det går bra med Hannah! Mamma skal ta henne med til fastlegen mandag eller tirsdag for sårskift. Dei er vel reddast for å få infeksjon i såret, som igjen kan påvirke hørsel.
(Eg, Torger og Simon reiser til Barcelona..)

Plastra godt, for å prøve å halde øyra "stødig".

1 kommentar: