Hannah hadde kutta haka si.
Mykje blod.
Dei visste ikkje kor stort såret eigentleg var.
Vi var på vei til å hente då dei ringde (Torger er sjølvsagt på kurs...), og vi sa vi kunne sjå på det ilag for å vurdere.
(Heilt ærleg var mor letta for at det ikkje var snakk om oppkast her :D )
Sympatigråten for seg sjølv starta då ho såg mora, men det gjekk raskt over.
Vi var einige om at det sikkert var nok med strips, og det hadde vi heime frå sist ;)
Hår og klede var også fulle i blod.
Ho ville ikkje vaske hår, og ho ville ikkje ta av plasteret vi hadde på i barnehagen, men det er mykje som går om ein lokkar med is i etterkant!
Så mor har vaska og stripsa, vi har ete is, og no vart det so seint at middagen blir kveldsmat.
Alt går!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar