torsdag 28. mai 2009

Skulebollar

Eg har laga baka i dag!
Det vart ca 50 stk skulebollar. Dei såg små ut då eg rulla dei ut, men heva seg veldig i ovnen ;)

Kjekt å ha i frysaren når det dukkar opp besøk.

Her er ei enkel og god oppskrift til 25-30 bollar:
5 dl melk
1 pakke gjær
1 ts kardemomme
1 dl sukker
750 gram kveitemjøl
100 gram smør

Lunk melka og smuldre i gjær (evt rør ut tørrgjær).
Rør inn sukker og kardemomme.
Smuldre smøret i mjølet, og bland tørt og vått til ei smidig deig.
Sett til heving i ca ein time.

Rull ut 25-30 litt flate bollar, og sett til ny heving = 20 minutt.
Lag ei grop i bollane og legg i vaniljekrem, eg brukar ferdig Piano frå butikken. Steikast i 12-15 minutt på 240 grader.

Melis og kokos for dei som vil!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar